Bli kjent med landslagsspiller; Matias Sætre

Matias Sætre (23) fra Hærøy Biljardklubb er en av de utvalgte som skal representere Norge under EM i Treviso 27. april til 7. mai. Her forteller Matias litt om sine treningsmetoder og målsetninger.

Han spiller med en kø fra Jacoby med et 314-2 forstykke, Taom Pyro kritt og en Kamui hanske.

Er utstyr viktig for deg?

– Det speler sjølvsagt ei viktig rolle at du føler kritt/tupp/forstykke/hanske osv passar for deg, og at det verker komfortabelt. Utover det er eg ikkje spesielt opptatt av kva merke det er snakk om, eller kor nytt utstyret skal vere.

Ulike nye «oppfinningar» kjem heile tida og går til slutt av moten uansett, har eg inntrykk av. Men det er klart at utstyret generelt er av betre kvalitet nå enn før, så ein gjer nok lurt i å teste ut litt forskjellig. Personleg har eg skifta kø éin gong sidan eg starta å spele turneringar, og har spelt med Jacoby sidan 2014. Eg har også brukt same type forstykke (2 ulike) sidan då. Synes det fungerer bra, så ser ingen grunn til å bytte det ut.

Når startet du å spille?
Eg spelte biljard på gøy frå då eg var 10 år, på eit 6-fotsbord heime. Konkurrerte for første gong under ungdomsleikane på Lillehammer i 2013, same helga eg fylte 17 år. Det enda med ein 9.plass som eg, før turneringa, hadde vore nøgd med, men som i etterkant var nokså skuffande då eg såg at eg holdt nivået til dei beste juniorane.

Hva har vært din inspirasjon?

Då må ein nok over på snooker, som eg var ekstremt ivrig sjåar av som barn. Noko av det fyrste eg kan hugse er at O’Sullivan slo Dott 18-8 i VM-finala 2004. Han var nok grunnen til at eg vart interessert i biljard, sjølv om det er ein litt annleis disiplin. Frå 10-16 stod eg heime og spelte med snookerkuler på 6-fotsbordet mitt, som forståelig nok vart ganske vanskelig med så liten plass på bordet. Lillebroren min på 12 heiter forresten Ronnie, heilt tilfeldig sjølvsagt 🙂

Hvilke prestasjoner er du mest stolt av?

Den prestasjonen eg først og fremst tenker på er mitt første og hittil einaste Nm-gull i åpen klasse, som kom i 2017. Då slo eg Vegar i ei spennande finale, der eg åpna med 43 serie og han svara med 111 og forløp. Men eg klarte å hente han inn uten å gi bort ein einaste sjanse. 57, safe, 26 og ut.

Eg har også 4 NM-gull i juniorklassene, der det aller første sjølvsagt var veldig spesielt. Det kom i Hyllestad i 2014, etter 7-6 seier i både semi og finale. Det vil nok seint bli gløymt det heller. I tillegg har eg ein seier i Elite NC som står høgt, samt samanlagtseier i eliten 2016. Høgste serie i 14-1 er 157, har også 5 andre serier over 100.

Det beste med biljard er å konkurrere og det å sjå framgang i eget spel. Det er krevande på mange ulike måtar; teknisk/taktisk/mentalt osv. Det gir en enormt god mestringsfølelse når du ser at treninga fungerer og det gir betre og betre resultat.


Hvor ofte og hvordan trener du?

Det kan ofte bli vanskelig å kombinere studier med regelmessig biljardtrening, spesielt i eksamensperioder og andre hektiske deler av semesteret. Men i dei periodene eg har muligheit står eg gjerne heile dagen og trener. Eg trener alltid godt inn mot mesterskap, som regel 5/6 timar pr dag i ei veke eller to. Før EM i fjor hadde eg sommarfeire i 1,5 mnd der eg ikkje gjorde anna enn å trene.

Personlig bruker eg å være veldig oppmerksom på at eg skal innarbeide ei rutine der eg spelar på same måten om eg står åleine eller om eg spelar turnering. Det gjeld både tempo/pre-shot/konsentrasjon osv. I tillegg prøver eg å identifisere kva feil eg gjer i kampar der eg ikkje spelar godt, og om det er noko som går igjen. I såfall vil det være spesifikke ting som må forbetrast før neste turnering. Før EM vil eg nok bruke mykje tid på brekk bl.a.

Er du stolt av å representere Norge?

Eg har deltatt i EM tre gongar tidligare, 1 gong som jr-spelar i 2014, og 2 gongar for menn, i 2017 og 2018. Eg har også deltatt på 3 Eurotourar; Portugal 2017, Treviso 2018 og Veldhoven 2018.

Man kan aldri «forvente» å bli tatt ut, men eg ser på det som ei belønning etter mykje trening og gode resultat. Ein 2.plass på rankinga i fjor er etter mi meining ein god søknad, i tillegg til medalje i nordisk. Spesielt sidan han som slo meg begge plassar har lagt opp endelig (glimt glimt).

Det er utruleg stort å få være med på landslaget og eg er sjølvsagt veldig stolt. Det blir feil av meg å snakke om mål for laget, men personlig er eg ute etter å forbetre resultata frå i fjor. Men ein må tenke på at nivået er skyhøgt, og eg kan ikkje gjere anna enn å fokusere på mitt eige spel. Om eg sjølv føler eg speler bra, men kampane ikkje går veien, så får det være.

Forberedelsene går mykje ut på å få nok timar på bordet, men også spesifikke ting som f eks brekk, safe spel og mental trening er det som står i fokus as we speak. Så kan det hende eg merker at noko anna må trenast på før EM.

Eg har alltid som mål å vinne kampane mine når eg deltek i NM og eliteturneringar. Eg prøver å fokusere på meg sjølv og tenke at om eg spelar på mitt beste kjem eg til å vinne. Dessverre har det vist seg at ein kan tape også på sitt beste, men i utgangspunktet veit eg at eg kan vinne. Det høyres nok veldig arrogant ut å snakke om å vinne eurotour, men målet mitt for alle kampar eg speler, er å vinne. Eg prøver å fokusere på kvar enkelt kamp og ikkje snakke så mykje reint plasseringsmessig.

Matias Sætre CueScore profil.

Se også profilintervjuet med landslagsspillerne Mats Brujordet SchjetneEirik Riisnæs og Kim Ronny Nygård.